Animerte Eventyr

Denne artikelen sto på trykk i Nasjonalbibliotekets magasin NB21, nr. 1 / 2012. Bladet har temaet film og er svært god lesning.  Hele utgaven kan lastes ned her.

LEVANDE STREK: Hans Jørgen Sandnes viser korleis enkle figurar blir vekte til live og får karakter.

 

Visste du at Avatar er verdas største kommersielle kinosuksess? Vi elskar å sjå
eventyrfilmar, seier animatør Hans Jørgen Sandnes. No lærer han skoleelevar
opp i korleis skape filmmagi.

AV INGA RAGNHILD HOLST / FOTO: KETIL BORN

Animerte eventyr
– Ho blir kidnappa, seier Emilie Roligheten. – Så gjømmer nerden seg inne på do og kjem tilbake som ein superhelt. Men jenta vil ikkje ha han likevel.

Ho jobbar saman med klassevenninnene med manus på sin første animasjonsfilm. Utstyret er enkelt. Plastelina i ulike fargar, programvara iStopMotion, ein Mac og skarpe hovud. Historia skal forteljast i løpet av eit halvt minutt, og i tillegg til ei slåande historie, må plastelinafigurane få dei nødvendige skodespelartalenta som er påkravde i film.

Det er Sandnes Media som kursar tiandeklassingane ved Varden ungdomsskole i Sandefjord i kunsten å lage animasjonsfilm. Det vesle Vestfoldselskapet har produsert ei rekkje animasjonsfilmar og gav i haust ut ein dvd, Musevisa og åtte andre Prøysenklassikarar, tufta på Alf Prøysens (1914–1970) viser.

This slideshow requires JavaScript.

Animasjonsfilm på salstoppen
Animasjonsfilmen er meir populær enn nokon gong, og mange av dei mest innbringande filmproduksjonar frå dei siste åra er nettopp denne typen filmar. Avatar frå 2009 spelte inn 2,7 milliardar dollar ifølgje den California-baserte filmpublikasjonen Box Office Mojo, og dermed plasserer den seg øvst på lista over dei mest innbringande filmane i historia. Men Avatar er slett ikkje einaste animasjonsfilm på lista over dei største kommersielle suksessane. Også Toy Story 3 og Løvenes konge rangerer høgt oppe på lista over dei mest sette filmane i verda. Her heime har nok mange små fått Sandnes Medias Prøysen-dvd, som blir distribuert gjennom Disney. Første veka i desember låg den på åttandeplass over dei mest selde dvd-filmar i Noreg. Da var det selt 50 000 eksemplar.

– I dagens animasjonsfilm legg ein mykje ressursar ned på å underhalde oss, så det er ikkje rart vi liker dei, seier animatør og partnar i Sandnes Media, Hans Jørgen Sandnes. – Menneske har alltid likt historier med eit pust av eventyr over seg, sjølv holebuarane laga skuggeteater. Vi vil bli trollbundne og fascinerte.
Handteikna film er hans spesialitet og han fryktar slett ikkje at han skal tape i kampen mot dei store animasjonsproduksjonane.
– Ein trudde radioen skulle døy fordi vi fekk tv. Det same har ein trudd om animasjonsfilm. Mange var også redde for at den gamle teiknefilmen skulle forsvinne da det kom ny teknologi, men det har heller ikkje skjedd, seier animatøren.

Den gode historia
Historia må ha eit plott, forklarer Sandnes elevane på Varden ungdomsskole. Men kva er no eigenteg ei god historie?
– Ei god historie er enkel, seier Sandnes. – I Pixar-filmene, Biler, skal helten ut på eit løp. Men kva skjer? Hovudfiguren møter hindringar. Det er ei god historie.

Pixar er eit filmproduksjonsselskap med animasjonsfilm som spesialitet, det no Disney-eigde selskapet har blitt tildelt 26 Oscar-statuettar for sine filmar. Blant dei største kassasuksessane er Ratatouille, Cars og Toy Story-filmane som har selt til over ein milliard dollar.
– Men det er vennskap i filmane også, seier ein elev.
– Ja, vennskap er viktig når ein skal lage ei historie, seier Sandnes.
– Ei god historie gjer at du vil følgje med. Den har ein slags x-faktor. Men den gode historia kan miste futten om den ikkje blir gjennomført på ein bra måte. Og ei god gjennomføring kan redde ei ikkje fullt så god historie.

Så rundt pultane dukkar det opp venner, nerdar, superheltar og sjefete jenter. Nokre blir kidnappa, tre fell ned over vegen og det er storstilte redningsaksjonar. Historiene blir knadd mellom hendene. Dei mest fingerferdige lagar briller, store, raude trutmunnar og dekorative bakgrunnar. Ein kva som helst nynorsklærar ville blitt lykkeleg om elevane hadde jobba like systematisk og konsentrert med dei uregelrette verba som det dei gjer med animasjonsfilmane.
– Det er moro å gjere noko anna. Og så får du vere litt kreativ, seier elev Eirik Hynne.
Men det er likevel ikkje berre moro. Det krevst mykje disiplin også:
– Det er 24 bilete i eit teiknefilmsekund laga for kino. Men vi har åtte bilete per sekund, det betyr at vi må flytte plastelinafigurane åtte gonger, forklarer Sandnes.
Så da må auge og augebryn flyttast for kvart kameraklikk med Mac’en.

Disney-ånd
Når Sandnes Media sjølv teiknar til Prøysen, er det mange tindrande Bambi-blikk og sjarmerande sprell. Helene harefrøken er så yndig at sjølv biske grinebitarar må dra på smilen. Sandnes har nok lært eit par sjarmtriks av Disney.
– Da eg var liten såg eg Jungelboka og syntes den var så fantastisk at eg sjølv ville jobbe med animasjon, seier Sandnes som no drøymer om å lage ein heilkvelds film. Gammal Disney-film har sett standard for korleis Sandnes jobbar.
– Det var tøft for kunstnarar i USA før andre verdskrigen og fleire søkte seg derfor til Walt Disney. Det var ei ny kunstform som var interessant for dei og samtidig gav selskapet dei tryggleik. Det blei fantastiske filmar, heile familien kan sjå dei og synest at dei er morosame.

Når elevane har fått knadd ut sine små karakterar, så har også dei fått klovnete fakter og flørtete Bambiblikk. Kanskje også elevane drøymer å bli ein ny Disney?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s